Bedriftene i Fjell har allereie knust sin eigen givar-rekord til TV-aksjonen. Nabobedriftene i Sund og Øygarden har framleis sjansen.

Denne artikkelen ble først publisert på VNR.no.

− Det er heilt fantastisk. De som har ringt har bidratt, og ikkje minst dei over femti bedriftene som ikkje berre har gitt, men sett nye rekordar i å gje. Så at people care, det er det ikkje tvil om, sa Tony Ågotnes etter at næringslivsdugnaden var over.

Han var ein av 18 frivillige frå Gründerparken Vest og næringslivet som var med og samla inn pengar då TV-aksjonen blei sparka igang med dugnad i Nye Øygarden kommune.

Resultatet var fordelt slik mellom kommunane som syng på siste verset:

  • Næringslivet i Fjell har allereie knust rekorden frå i fjor, og er etter dagens ringerunde oppe i 86 154 kroner. Alltid oppdaterte tal her: Fjell
  • I Sund har næringslivet til no gitt 31 201 kroner til aksjonen, rekorden frå 2016 er på vel 38 000. Alltid oppdaterte tal her: Sund
  • Næringslivet i «gamle» Øygarden er oppe i 21 000 kroner no. I fjor gav dei over 34 000. Alltid oppdaterte tal her: Øygarden

Tala aukar så lenge bedrifter fortset å gje, heilt fram til 20. oktober. Her kan du bidra: https://blimed.no/